Ein forretningsidé
Publisert:

TIDSTAP: Mensen skapar stress og genererer eit betydelig tidstap for bedrifter. Så kvifor ikkje lage business ut av det? Foto: Monika Kozub

Der du heilt skuddsikkert hugsar at du hadde tampongane sist, er det no heilt føkkings tomt. Seriøst?

Av Merete Medle

Dette er et debattinnlegg. Meningene i teksten er skribentens egne. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du maile oss på redaktor@altsa.no.

Denne saken ble først publisert i papirmagasinet ALTSÅ utgave 6, vinter 2020

Er det ikkje typisk korleis mensen alltid kjem som julekvelden på kjerringa? Og umiddelbart etterpå fylgjer den velkjende jakta. For der du heilt skuddsikkert hugsar at du hadde tampongane sist, er det no heilt føkkings tomt. Seriøst? Dei har ramla ut av jakkelommer, veskelommer, baglommer og baklommer – alltid med litt flau stemning som resultat. Dei har vore med i vaskemaskina både ein og to gonger, til plastomslaget gjev etter og du får ein miniversjon av ein drukna Sauen Shawn ut i lag med truser og sokkar. Dei har lege og slengt over alt, ungane har ete på dei, dei har havna i støvlettane til og med!

Men så, når du faktisk treng ein, er alle søkk vekk. Og dét medan du berre ventar på at du skal blø gjennom, samstundes som ferda går desperat gjennom kontorlandskapet. For det skjer alltid på jobb, ikkje sant? Og du er dømt til kleine avbrytingar i folk si kaffipause: «Du eh, Marianne? Har du eit sekund?» Du tek Marianne til sida. «Du har ikkje, eh, tilfeldigvis ein tampong?» «Jo!» seier ho. Og YES, tenker du – på første forsøk og greier! Du strener etter Marianne i lett trav bort til pulten hennar der ho romsterer litt i veska si. «Her!» sier ho; «Å nei,» tenker du. For det er feil farge, og aldri i verda om den vesle blå saken der kan stoppe Nilen som er på veg. Så jakta held fram.

Beklagande kvinneblikk som ikkje kan hjelpe og menn som skuggar banen. Dei høyrer, men høyrer ikkje. Rart i grunnen, dei aller fleste er gift med kvinner, og burde ha ei viss forståing for problemet. Men nei. Jakta på tampongar har til no tatt 20 minutt av arbeidsgjevars og mi tid, og ferda går til næraste butikk. Situasjonen er no såpass kritisk at du knip igjen mens du går, i håp om å klare å avgrense skadeomfanget. Dette resulterer i ein slags haltande gange, som igjen fører til dagens første gode nyheit; du får gå forbi ei dame med full handlekorg i kassa, betalar for fire pakkar rosa O.B. og haltespring tilbake på kontoret. Første toalett: opptatt. Andre toalett: ledig, men med spor (ja, sånne spor!). Frustrasjonsnivået toppar seg i det døra ved sidan av går opp, og toalett nummer tre vert ledig, men idet ho som har vore der, kjem ut, slår ho ut med hendene og signaliserer med ein peikefinger at det er tomt for toalettpapir.

Kronikken fortsetter under bildet.

Banner med teksten "Du leser nå en åpen sak. Ønsker du tilgang til alt innhold hos ALTSÅ, abonner i dag!"
Dør nummer ein går opp, og endelig er det din tur. Toalettpapir, check (og det heng med kanten ut, ikkje inn – meir om det ein anna gong). Ingen spor, check. Tampongar (riktig storleik til og med) innanfor rekkevidde, check! Let it flow.

I ettertid av denne hendinga som er basert på (minst) 12 sanne historiar, tenker eg at ein treng faktisk ikkje ei doktorgrad i økonomi for ganske tidlig i denne historia å forstå at om dette var eit businesscase, så ville det levere stort forretningspotensiale med umiddelbar effekt. Kvifor er det ikkje vanlegare med tampongar på (dame)toalett på arbeidsplassen? Det ville gjort min kvardag fem dagar i måneden sjukt mykje enklare, mindre klein, meir effektiv og mindre stressande. Det er som eit kinderegg til bedrifts-Norge: meir effektive kvinner, mindre stressa kvinner, mindre tid tapt i tampongjakt.

I morgon kontaktar eg O.B. for å høyre om me saman skal lage «Mensenboksen» som skal kunne bli distribuert til alle selskap med kvinnelege tilsette. Så kanskje det kjem noko godt ut av dette likevel. Imens (!) kan du selje inn ideen til sjefen din.

Du liker kanskje også...

  • Utgave 5

    kr 79,00
    Les mer
  • Mellomstor pakke – Utg. 9,10,11 (kun innenlands)

    Tilbud! kr 399,00
    Les mer
  • UTSOLGT – Utgave 3

    kr 79,00
    Les mer